lørdag, desember 15

Siste krik-samling før jul 16.desember:)

Sidan vi hadde turneringa sist helg mot Ulsteinvik, så tek vi ikkje noko juleavsluttning, men ei vanleg samling denne søndagen:) Veit at mange skal synge med tensing i kyrkja, men vi prøver med KRIK likevel:) Dokke som er med i tensing, kan gjerne kome opp i hallen når dokke er ferdige å synge:)
Aktivitetar blir frisbee og landhockey + nokre leikar, om eg kjem på noko bra;) Idear blir tatt imot med stor takknemlegheit=)
Til alle vi ikkje ser på KRIK på søndag, så må dokke ha ei kjempe god jul:) Så snakkast vi igjen på nyåret!




onsdag, desember 5

KRIK Hareid og KRIK Ulsteinvik


Søndag 9.desember har vi invitert KRIK Ulsteinvik til å vere med på ei lita turnering, lysmesse og deretter ei sosial samling på bedhuset:)
Alle møter klokka 17.00 i Hareidhallen. Vi held på med ulike leikar og har turnering i fotball, volleyball og landhockey;) Laga deler vi inn på samlinga. Vi avsluttar i hallen ca 18.30. Deretter blir det moglegheit for å bruke garderobene og dusje før vi går saman ned i kyrkja og er med på lysmessa.

Hugs å ta med klesskift/handkle osv.

Etter lysmessa samlast vi i peisestova på bedhuset, der vi har ei sosial samling med leikar/underhaldning/spel og mat. Held på til ca klokka 21.00-22.00=)

Velkomen! :) Dette trur vi blir utruleg artig!!!!

mandag, november 26

KRIK på Hjørungavåg

P.g.a at hallen er oppteken blir det KRIK i gymsalen på Hjørungavåg denne søndagen(2.desember) til vanleg tid 17.00 til 19.00
Aktivitetar blir basketball, fotball og litt anna alt etter kva vi finn på=)
- Andakt
- Meir info om turneringa mot Ulsteinvik:)

Velkomen! =)

lørdag, november 24

KRIK i Hareidhallen igjen:)

I morga blir det KRIK i Hareidhallen igjen:)

Aktivitetar blir leikar, landhockey og rugby/basketball:) Avhengig om vi finn ein ball til rugby;)
Andakt: Arnt Ole Grimstad

Tenk ut idear til kva vi kan finne på når KRIK Ulsteinvik kjem på besøk om to helger. 9.desember, sett av datoen folkens!! =) Vi skal først ha ei turnering og etterpå ei sosial samling:) Kom gjerne med programminnslag som sketsjar, leikar, musikk osv.

Hjarteleg velkomen på KRIK:)

fredag, november 16

Klatring søndag 18.11


No på søndag blir det klatring frå klokka 14-00-16.00. Møt opp ca klokka halv 2 ved Hareidhallen. Det vil koste 50 kr per person. Gi beskjed til meg om du enda ikkje har meldt deg på og har lyst! Tlf: 99354497.


Dessverre ikkje noko vanleg samling denne søndagen, fordi dei fleste av oss er på klatring.. neste søndag blir det vanleg samling i hallen igjen, følg med på bloggen for informasjon om samlinga:)

torsdag, november 15

Sjekk bloggen framover!

Beklager at det ikkje har kome nokon plakatar eller noko på bloggen om samlinga no på søndag! Vi har ringt klatrehallen og dei prøver å få tak i instruktør, men dei er dessverre svært treige til å gi oss svar..
Vi kjem til å ringe rundt dersom det blir klatring, og info kjem også her på nettsida.. Om det ikkje skulle bli klatring, blir det dessverre IKKJE KRIK på søndag...

torsdag, november 8

NB! NB! No på søndag blir det Krik i gymsalen på HJØRUNGAVÅG kl 17.00-19.00 p.g.a at Hareidshallen er opptatt.

Aktivitetar blir kanonball og hjørnefotball.
Treng du skyss til Hjørungavåg så send ei melding til Hege på tlf: 99354497.

Hareidshallen er dessverre også opptatt neste søndag, så då prøvar vi å få til klatring. Meir info om dette vil kome på plakatar og her på heimesida:)
Ta deg ein tur då vell:)

fredag, november 2

Frisbee og Basketball:)

Ny Krik-samling på søndag 4.november kl 17.00-19.00.

Det blir leikar, frisbee og basketball. Kom gjerne med forslag til leikar! :)



Korleis er interessen for å fare ut i klatrehallen i Vik? :) Post gjerne eit innlegg her på bloggen om du har forslag til kva vi kan gjere på Krik framover:)



Elles så bør dokke sjekke ut desse linkane:



Explore er ein vinterleir i Lillehammer 28.desember til 1.januar regi av KRIK for dei frå 15 år og oppover. Der kan ein velje mellom 24 aktivitetar, alt i frå curling, basketball, slalom til swing. Masse utrulig bra underhaldning, flott nyttårsfeiring og ein god sjans til å bli kjent med masse nye folk:) Det blir fellesbuss frå Ålesund. Snakk med meg om dokke er interessert:)

Les meir: http://www.krik.no/asp/article.asp?ID=923


Impuls er ein konferanse/festival med fellessamlingar, valgfrie seminar og aktivitetar. Skal arrangerast i Stavanger, Oslo, Trondheim og Kristiansand.

Les meir: http://www.impulsweb.no/Event.aspx?id=8



Mvh Hege

søndag, oktober 28

KRIK 28.oktober

Endeleg KRIK igjen!:)

Aktivitetane blir: leikar, landhockey og fotball.
Andakt: Bente Liavåg
Kl 17.00 til 19.00 i Hareidshallen!

Ta med mange vennar og kom! ;)

NB! Husk å ta med pengar til medlemskontigent for dei som ikkje har gjort det:)
Nye medlemmar: 100 kr (får t-skjorte)
Gamle medlemmar: 50 kr

Vi sjåast=)

lørdag, oktober 20

Ikkje KRIK før 28.oktober,,,

Det blir dessverre IKKJE KRIK denne søndagen(21.okotber) heller p.g.a Hareidstemna...









Neste søndag er vi i gang igjen! Følg med på sida for å sjå kva aktivitetane blir:) Bli med på KRIK utover vinteren, vi skal nok finne på masse kjekke ting=)




Kom også gjerne med forslag til aktivitetar dokke vil ha på samlingene.





Vi snakkast neste søndag:)

torsdag, september 27

Kjempeflott at så mange møter opp på samlingene våre for tida, fortsett med det:)


No søndag 30.september blir det atter ei ny samling i Hareidshallen kl 17.00 til 19.00.

Aktivitetar blir landhockey og basketball:)


I haustferien blir det dessverre ikkje KRIK, p.g.a at mange er bortreiste.. Det blir difor ikkje samling 7. oktober og 15.oktober.


Husk å ta med pengar til kontigent:) Nye medlemmar vil få ei t-skjorte når dei betaler.

Nye medlem: 100 kr

Gamle medlem: 50 kr

søndag, september 23

KRIK 23.september

Beklager litt dårlig oppdatering her på sida, det skal ordnast:)
Søndag 23.september blir det Krik i Hareidhallen kl 17.00 til 19.00.

Aktivetetar blir leikar, frisbee og fotball:)


Vel møtt!


torsdag, september 6

KRIK+ sosial samling:)

Søndag den 9. september blir det ei slags opning av KRIK-året. Først har vi KRIK-samling i hallen frå kl 17.00. Vi spelar volleyball og held på med forskjellige leikar.

Deretter fær vi opp til Marita Husøy og har sosial samling der utover kvelden:)
Det blir bollar og saft + at vi speler spel, kanskje litt leikar, og muligens karaoke:)

Viss nokon kun kan kome på den sosiale samlinga, så bur Marita rett oppafor barneskulen i dei nye leiligheitene der.

Møt opp! Og ta med fleire:) Dette blir gøy=)

Spørsmål? Skriv kommentar på bloggen eller ta kontakt med meg(Hege) på mobil: 99354497

onsdag, august 29

Velkommen alle sammen til eit nytt KRIK-år!! :)


Vi har samlingar kvar søndag frå klokka 5 til 7 i Hareidhallen:) Husk drikkeflaske, innesko og ta gjerne med eit par vener:)

Førstkomande søndag 2. september blir det leikar, lita andakt, basketball og landhockey som står på programmet.

Møt opp:)

torsdag, juni 28

God sommar!





Takk for eit supert år! Satsar på at det neste blir minst like artig:)
Nyt sommarferien, så sjåast vi til hausten:)

Og til dokke som reiser vekk frå øya/landet til hausten, så må dokke ha lykke til me studie og jobb:)

God sommar!

mandag, juni 18

Avslutning tysdag 19.06

Det vert avslutning for KRIK Hareid fyrstkomande tysdag (19.06).
Dette vert ein blåtur, der oss møte opp ved Hareidhallen med sykkel kl. 17.00, og sykla dit oss ska. (Sykkelturen verte ikkje so veldi long :) ).


Det vert mykje sosialt, grilling å høve til å bade!
KRIK ordnar med grillar, medan du sjølv tek med grillmat.
Det vert også premiering til den som har vore flittigast å møte opp i år (viss personen er på avslutninga da!)

Ditte verte arti, å oss ser fram til å sjå dej på tysdag! :)

fredag, juni 15

Vi beklager...

Vi beklager uvisse rundt KRIK Hareid dei to siste vekene. Grunne eksamenar, Ulsteindagane og diverse anna var det ikkje KRIK forrige laurdag (som annonsert), og det vert heller

ikkje KRIK i morgon 16. juni.

Eg reknar med at vi i løpet av helga får satt ein dato for avslutning ut i neste veke. Dette er berre å gle seg til, for her kjem det til å kome mykje kjekke folk! :)

Forhåpentlegvis vil vi ha lagt ut informasjon om KRIK-avslutninga før helga er omme.

Håpar du får ei fortreffeli helg så lenge - og hugs at den kjekkaste happeningen med KRIK Hareid ennå ikkje er over! :)

fredag, juni 8

IKKJE SAMLING 9. JUNI

Heisann! Av ulike årsaker, medrekna Ulsteindagane, vel KRIK Hareid å
ikkje ha samling laurdag 9. juni
Vi vil heller satse på at det blir ei knallbra avslutning med mykje sosialt, sykkeltur, bading, grilling osv! Meir info om når avslutninga skal vere og liknande kjem vi tilbake til i neste veke.
Nyt sola inntil vidare og lykke til med eksamenar dei som har det! :)

tirsdag, juni 5

Mot avslutning

Heisann!

Vi kjeme med meir informasjon seinare om KRIK på laurdag og avslutning, men planane er at avslutninga blir rundt, og helst etter eksamensslutt. Da blir det mest sannsynleg sykkeltur med grilling, bading, volleyball etc. :)

Følg med!

torsdag, mai 31

Tjohei!

Vi tek sikte på å legge ut nyheite om KRIK kvar sundag eller måndag heretter. Dette for at DU skal sleppe å leve i uvisse heile veka om kva som skjer i KRIK! Vi fortsetter ellers den gode oppdateringa, og vi kjem snart til å legge ut informasjon om avslutninga! Det er mao ingen grunn til å trappe ned besøka dine her inne :)

Neste KRIK-samling:

LAURDAG 2. JUNI, kl 1630

Oppmøte: barneskulen på Hareid

Andaktshaldar: Barbro Østrem

Aktivitetar: Vi satsar på å vere ute, med fare for fotball i ballbingen, og slåball! (Ta med deg innesko også dersom vêret er dårleg!)

Obs! Ellers vil vi minne om medlemskontingent. Det kostar usle 100,- kroner for dei under 16 år og 150,- for dei som har fyllt 16 år å bli medlem av KRIK Hareid! Blir du medlem får du ei "KRIK"-t-skjorte gratis med oss samt at du får rabattar på turane vi har! :)

Takk til alle dokke som er innom sida og er med på KRIK! Det er dokke som gjer at KRIK er gøy!! :)

tirsdag, mai 22

Dette bør du ikkje gå glipp av! :)

Fjelltur
Laurdag 26,mai vert det fjelltur til Holstadhornet og Skafjellet!

KRIK kjøper inn grillar og så tar dokke med grillmat og drikke sjølve.


Oppmøte: Klokka 12 ved Hovlidbana(Håbakkane).
Dei som ikkje veit kvar Hovlidbana er, kan møte ved barneskulen kl 11.50.
Husk å kle dokke etter véret. Det er nok fortsatt svært vått opp i gjennom, så det kan vere lurt å ha støvlar eller fjellsko.

Sosial samling på kvelden
Frå klokka 7 og utover slår vi til med sosial samling heime hjå meg(Hege). Pizza/ bollar og brus blir servert;) Ta gjerne med brettspel, gode filmar etc.


Ser fram til at dette blir ein svært kjekk dag med KRIK!
Få gjerne med fleire folk! Til fleire vi er til kjekkare blir det!:)
Om du skulle ha nokon spørsmål, ta kontakt med nokon av oss i styret.

fredag, mai 18

Kom på Krik!

Atter ei ny samling står for tur:)










Vi kjem til å halde til ved barneskulen. Dersom véret er stygt er vi inne. Ta difor med både inne og utesko om du er i tvil.


Aktivitetar blir fotball og landhockey:)


16.30-18.00


Det skal som sagt skje mykje kjekt med KRIK framover:) Neste gong er det f.eks planlagt fjelltur og sosial samling på kvelden:) Følg difor godt med på heimesida for meir informasjon!!!


Vi sjåast på KRIK i morgon!

onsdag, mai 9

Konfirmasjonshelg staggar ikkje KRIK

Så lenge vêret tillet det vil vi prøve å ha resten av samlingane fram mot sumaren utandørs! Det vil også bli mimrekveld, sosialkveld (miljø), sykkeltur med grilling (avslutning) , og kanskje vi også rekk ein fjelltur før sumaren! KRIK har med andre ord nokre spanande veker framføre seg!! :)



KRIK-samling 12. mai, kl 1630-1800:
Mest sannsynleg utandørs, men ha med deg innesko dersom du er i tvil om vêret blir/er godt nok til at samlinga blir halden ute.. Møt uansett opp attmed barneskulen på Hareid!

Aktivitet: mest sannsynleg volleyball, fotball og/eller frisbee

Ta med deg ein ven og bli med på morroa! Vi gler oss - og det veit vi at du også gjer! :)

Vi ynskjer alle konfirmantar til lykke med dagen til helga!

torsdag, mai 3

KRIK på barneskulen

Vi beklager at det ikkje blei lagt ut noko info på nettsida om forrige samling...

På laurdag er det samling på barneskulen frå kl 16.30 til 18.00

Aktivitetar: Basketball og dansk kanonball.
Andakt: Mario Liavåg




Dette blir kjekt! Ta med ein ven og kom!! :)

onsdag, april 18

KRIK 21.april



Nok ei KRIK-samling står for tur:)

Laurdag 21. april
Kl 16.30 til 18.00 i Hareidhallen.

Denne gongen er aktivtetane Rugby og Frisbee.








Andakt: Mario Liavåg

Vel møtt!

onsdag, april 11

Ny KRIK-samling:)

Håper alle har hatt ein kjempefin ferie, og at dokke no er klare for nye, kjekke KRIK-samlingar framover mot sommaren:)

Laurdag 14.april blir det KRIK på BARNESKULEN.
16.30-18.00

Obs!! Vi annonserte i går at vi kanskje skulle få sand under beina i dag, men sjølv om det er godt vêr, vel vi å ha samlinga på barneskulen på Hareid, då mesteparten av sanden på Overåsanden framleis er hard.


Aktivitetar: Fotball og volleyball
Andaktshaldar: Eli Sølvi Jønsson


Hjarteleg velkomen!

torsdag, mars 29

PÅSKEFERIE:)

Det blir ikkje KRIK verken laurdag 31.mars eller
laurdag 7. april p.g.a påskeferie.


Vil ynskje alle ei strålandes påske! Kos dokke!

torsdag, mars 22

KRIK på barneskulen


Førstkomande laurdag blir det KRIK-samling på barneskulen kl 16.30 til 18.00!

Aktivitetar: Fotball og frisbee

Andaktshaldar: Christfried Kaul

Ta deg ein tur då vel:)

torsdag, mars 15

Ny KRIK-samling rett rundt hjørnet:)

Laurdag 17. mars blir det enda ei ny KRIK-samling!!!
Tidspunktet blir som vanleg klokka 16.30-18.00

Aktivitetar: volleyball og landhockey:)

Velkomen skal du vere=)


Offpiste på Strandafjellet 31.mars-4.april

Kan dette vere noko for deg? :)

Sjekk ut www.krik.no/asp/article.asp?ID=1081.
KRIK arrangerar påskeleir på Strandafjellet.

torsdag, mars 8

KRIK- Samling i Hareidhallen 10.mars

Laurdag 10.mars brakar det laust med ein ny KRIK-samling i Hareidhallen!!!

Kl. 16.30-18.00

Vi skal halde på med dansk kanonball og fotball.

Ta med deg ein ven og kom:)


Turen til Strandafjellet!

16 KRIK'arar reiste til Strandafjellet forrige helg for å stå på ski, snøfjøl og rett og slett ha det utruleg artig:)
Vi budde på Vestborg privatskule, der vi også hadde tilgang til gymsal som blei flittig nytta:)



Både laurdag og søndag hadde vi ypperleg føre i skibakken, og det såg ut til at alle storkoste seg i bakken, både nybyrjarar og dei litt meir erfarne:)

Kveldane nytta vi til leikar, hall-aktivitetar og anna moro!
Dessverre fekk turen ein litt trasig slutt i og med at Mario blei skada, men vi håper han er raskt på beina igjen:)


Takk for ein super tur, gler meg allereie til neste år!! :)

onsdag, februar 28

Pakkeliste og siste info om Strandafjellturen:)

Gladnyheit: Turen blei mykje billegare enn forventa!



Reise:
- Oppmøte Hareid ferjekai kl 17.40 fredag 2.mars
- Heime på Hareid sundag kl 18.30 (kan muligens bli endringar i dette..)

Hugs å ha med:
- 200 kr (reise, middag, opphald). Lever dette til Bjørn Sverre på ferjekaia.
- 240 kr (heiskort) + keycard (dersom du ikkje har dette får du kjøpt/leigd det i skitrekket)
- Bibel
- Laken (til madrass)
- Sovepose og eventuellt pute
- Handkle og klesskifte
- Skiklede og skiutstyr (til snøfjøl MÅ du ha LANG fangreim - dette får du kjøpt dersom du ikkje har)
- Brødmat, så mykje som du trur du et i løpet av helga( 4 brødmåltid + 2 lunsjpauser). Er du usikker, ta med 1 brød!
- Pålegg

P.S: Vi kjem til å samle inn brød og pålegg når vi kjem fram. Dvs at det du tek med blir fellesmat:)

Ta også gjerne med:
- Gymklede dersom de vil halde på med aktivitetar i hallen:)
- Famile-, kortspel, yatzy eller liknande.
- Kamera (dersom du har).
- Termos til kakao/ te etc...

- Godt humør tar du så klart også med:)

Opplegg:
- Laurdag og sundag i skitrekket frå 10-16
- Kveldane: Andakt/bibel, sosialt, bli kjent, diverse leikar:)
NB! Krik betalar for reisa til KRIK-medlemmar. Alle andre må betale reisa sjølv, eller ta kontakt med Bjørn Sverre (99230536) for å bli medlem.

Ser fram til ein knakandes kjekk tur!!!

søndag, februar 18

Tur til Strandafjellet 2.-4. mars!

2.-4. mars reiser Krik Hareid til Strandafjellet for å stå på ski/snowboard og ha det utruleg kjekt ilag:)

Her kjem litt info som kan vere greitt å få med seg:
  • Avreise: Fredagskveld frå Hareid ferjekai (vi stiller med privatbilar)

  • Overnatting: Vestborg privatskule.
  • Pris: 300-400 kr(reise, mat, opphald og ovenatting). Heiskort kjem i tillegg.
    2-dagarskort
    Under 15 år: 310 kr
    F.o.m 15 år: 450 kr

Tips til UVS-elevar: I skuledagboka vår er eit rabattkort som gjeld for Strandafjellet.
Det er også muligheit for å leige ski/snowboard dersom du ikkje har eige utstyr.

Laurdag og søndag kjem vi til å vere i bakken på dagtid. Om kveldane kosar vi oss på skulen i lag og har ei samling med andakt, og ellers anna leik og moro. Ta gjerne med brettspel, kortstokk etc:)

Heimreise blir etter vi har vore i trekket og rydda på skulen sundag.

Dette blir ein knalltur, som du ikkje må gå glipp av!:)
Påmelding: Ta kontakt med nokon i styret eller ta kontakt med Mario Liavåg (tlf: 99 36 29 28)

NB! NB! Det blir ikkje samling fyrstkomande laurdag 24.februar p.g.a vinterferie. Ha ein god ferie alle saman, så snakkast vi på Strandafjellet om ikkje så lenge;)

fredag, februar 16

Samling på barneskulen

Laurdag, 17. februar er det KRIK på BARNESKULEN på Hareid (grunna Hareidhallen er oppteken).
Tidspunkt: kl 1630-1800

Aktivitetar: Landhockey & volleyball (eventuelt kanonball dersom vi ikkje får opp nettet).

Andaktshaldar: Turid Engen

Aktuelt: Påmelding til Strandafjellet (skitrekk) 2.-4. mars! Meir info om turen kjem like rundt hjørnet...

Vi veit du har lyst å kome... :)

torsdag, februar 15

Velkomen til KRIK Hareid si bloggside :)

Heisann, du - ja, akkurat du! :)

Vi (styret) vil ynskje deg velkomen til KRIK Hareid si bloggside - den fyrste i historia (som eg veit om). Vi er spente på kva dette vil ha å seie for lokallaget vårt!
Litt info om oss:
KRIK Hareid blei mest truleg starta opp i 1999, og har sidan då hatt samlingar i Hareidhallen tre-fem gongar i månaden med leik, andakt og spel (fotball, basketball, landhockey, frisbee, rugby, kanonball, turn, volleyball etc.). Dette er oppskrifta også i år... - kvifor endre på noko som fungerar? :) Når det er finevêr er det sjølvsagt moglegheit for å ha ei lokallagssamling ute!

Ellers arrangerar vi avslutningsturar, skitur til Strandafjellet, og liknande - forøvrig veldig populære turar(!). Det er også planar om fleire spanande utflukter og sosiale opplegg utover våren, så berre fylg med!




For å få til alt dette sit det eit styre bak lokallaget, og det nåverande styret består av følgjande personar:
Mario Liavåg (leiar), Ragnhild Husøy (nestleiar), Bjørn Sverre Hjelle Juliussen (kasserar), Helga Nødland Gjerde (sekretær), Bendik Elvanes (tursjef) og Hege Jørandli Flakk (redaktør). Dette er ein fantastisk gjeng som ivrar etter å ha det moro saman med akkurat deg!

Vi ynskjer å sette fokus på Jesus Kristus, og ha det moro saman med Han og kvarandre!



Du som går på ungdomsskule eller vidaregåande skule er hjarteleg velkomen til å bli med! Fylg med på denne sida, så vil du få informasjon om når ting skjer - slik at det berre er å droppe inn. Vi sjåast! :)