torsdag, mai 31

Tjohei!

Vi tek sikte på å legge ut nyheite om KRIK kvar sundag eller måndag heretter. Dette for at DU skal sleppe å leve i uvisse heile veka om kva som skjer i KRIK! Vi fortsetter ellers den gode oppdateringa, og vi kjem snart til å legge ut informasjon om avslutninga! Det er mao ingen grunn til å trappe ned besøka dine her inne :)

Neste KRIK-samling:

LAURDAG 2. JUNI, kl 1630

Oppmøte: barneskulen på Hareid

Andaktshaldar: Barbro Østrem

Aktivitetar: Vi satsar på å vere ute, med fare for fotball i ballbingen, og slåball! (Ta med deg innesko også dersom vêret er dårleg!)

Obs! Ellers vil vi minne om medlemskontingent. Det kostar usle 100,- kroner for dei under 16 år og 150,- for dei som har fyllt 16 år å bli medlem av KRIK Hareid! Blir du medlem får du ei "KRIK"-t-skjorte gratis med oss samt at du får rabattar på turane vi har! :)

Takk til alle dokke som er innom sida og er med på KRIK! Det er dokke som gjer at KRIK er gøy!! :)

Ingen kommentarer: