Når og kvar?Helga blir den 7.-9.mars, og vi skal overnatte på Brunstad ungdomssenter i Sykkylven. Om vi drar til Fjellsetra eller Strandafjellet skitrekk har vi ikkje heilt bestemt oss for, men dette finn vi ut når vi kjem dit. Prisane for heiskort er omtrent dei same begge stadane.
Kostnad
Prisen på reise, opphald og mat blir ganske billeg sidan KRIK vil sponse ein god del av dette:) Om du vil i trekket kjem heiskort likevel i tillegg... Eit todagarskort for dei under 15 kostar ca 340 og eit todagarskort for dei over 15 kostar ca 450 kroner. Det er muleg å leige ski, og ein treng heller ikkje om å vere i bakken for å vere med på turen..! Vi skal finne på mykje kjekt ilag utanom i skibakken også:)
Korleis melder eg meg på?
Påmelding vil skje på krik-samlinga førstkomande søndag kl 17.00 til 19.00. Eller du kan sende ei melding til meg på tlf: 99354497. Siste frist for påmelding blir tysdag 4,mars.
Meir info om turen, t.d pakkeliste, avreise og heimreise, mat osv, blir gitt på krik-samlinga og her på bloggen.
Håper du blir med!! :)
Samling søndag 2.mars
kl 17.00 til 19.00 i Hareidhallen. Aktivitetar: Fotball og frisbee/kanonball.
Mvh Hege