torsdag, mai 31

Tjohei!

Vi tek sikte på å legge ut nyheite om KRIK kvar sundag eller måndag heretter. Dette for at DU skal sleppe å leve i uvisse heile veka om kva som skjer i KRIK! Vi fortsetter ellers den gode oppdateringa, og vi kjem snart til å legge ut informasjon om avslutninga! Det er mao ingen grunn til å trappe ned besøka dine her inne :)

Neste KRIK-samling:

LAURDAG 2. JUNI, kl 1630

Oppmøte: barneskulen på Hareid

Andaktshaldar: Barbro Østrem

Aktivitetar: Vi satsar på å vere ute, med fare for fotball i ballbingen, og slåball! (Ta med deg innesko også dersom vêret er dårleg!)

Obs! Ellers vil vi minne om medlemskontingent. Det kostar usle 100,- kroner for dei under 16 år og 150,- for dei som har fyllt 16 år å bli medlem av KRIK Hareid! Blir du medlem får du ei "KRIK"-t-skjorte gratis med oss samt at du får rabattar på turane vi har! :)

Takk til alle dokke som er innom sida og er med på KRIK! Det er dokke som gjer at KRIK er gøy!! :)

tirsdag, mai 22

Dette bør du ikkje gå glipp av! :)

Fjelltur
Laurdag 26,mai vert det fjelltur til Holstadhornet og Skafjellet!

KRIK kjøper inn grillar og så tar dokke med grillmat og drikke sjølve.


Oppmøte: Klokka 12 ved Hovlidbana(Håbakkane).
Dei som ikkje veit kvar Hovlidbana er, kan møte ved barneskulen kl 11.50.
Husk å kle dokke etter véret. Det er nok fortsatt svært vått opp i gjennom, så det kan vere lurt å ha støvlar eller fjellsko.

Sosial samling på kvelden
Frå klokka 7 og utover slår vi til med sosial samling heime hjå meg(Hege). Pizza/ bollar og brus blir servert;) Ta gjerne med brettspel, gode filmar etc.


Ser fram til at dette blir ein svært kjekk dag med KRIK!
Få gjerne med fleire folk! Til fleire vi er til kjekkare blir det!:)
Om du skulle ha nokon spørsmål, ta kontakt med nokon av oss i styret.

fredag, mai 18

Kom på Krik!

Atter ei ny samling står for tur:)










Vi kjem til å halde til ved barneskulen. Dersom véret er stygt er vi inne. Ta difor med både inne og utesko om du er i tvil.


Aktivitetar blir fotball og landhockey:)


16.30-18.00


Det skal som sagt skje mykje kjekt med KRIK framover:) Neste gong er det f.eks planlagt fjelltur og sosial samling på kvelden:) Følg difor godt med på heimesida for meir informasjon!!!


Vi sjåast på KRIK i morgon!

onsdag, mai 9

Konfirmasjonshelg staggar ikkje KRIK

Så lenge vêret tillet det vil vi prøve å ha resten av samlingane fram mot sumaren utandørs! Det vil også bli mimrekveld, sosialkveld (miljø), sykkeltur med grilling (avslutning) , og kanskje vi også rekk ein fjelltur før sumaren! KRIK har med andre ord nokre spanande veker framføre seg!! :)



KRIK-samling 12. mai, kl 1630-1800:
Mest sannsynleg utandørs, men ha med deg innesko dersom du er i tvil om vêret blir/er godt nok til at samlinga blir halden ute.. Møt uansett opp attmed barneskulen på Hareid!

Aktivitet: mest sannsynleg volleyball, fotball og/eller frisbee

Ta med deg ein ven og bli med på morroa! Vi gler oss - og det veit vi at du også gjer! :)

Vi ynskjer alle konfirmantar til lykke med dagen til helga!

torsdag, mai 3

KRIK på barneskulen

Vi beklager at det ikkje blei lagt ut noko info på nettsida om forrige samling...

På laurdag er det samling på barneskulen frå kl 16.30 til 18.00

Aktivitetar: Basketball og dansk kanonball.
Andakt: Mario Liavåg




Dette blir kjekt! Ta med ein ven og kom!! :)