torsdag, mars 29

PÅSKEFERIE:)

Det blir ikkje KRIK verken laurdag 31.mars eller
laurdag 7. april p.g.a påskeferie.


Vil ynskje alle ei strålandes påske! Kos dokke!

torsdag, mars 22

KRIK på barneskulen


Førstkomande laurdag blir det KRIK-samling på barneskulen kl 16.30 til 18.00!

Aktivitetar: Fotball og frisbee

Andaktshaldar: Christfried Kaul

Ta deg ein tur då vel:)

torsdag, mars 15

Ny KRIK-samling rett rundt hjørnet:)

Laurdag 17. mars blir det enda ei ny KRIK-samling!!!
Tidspunktet blir som vanleg klokka 16.30-18.00

Aktivitetar: volleyball og landhockey:)

Velkomen skal du vere=)


Offpiste på Strandafjellet 31.mars-4.april

Kan dette vere noko for deg? :)

Sjekk ut www.krik.no/asp/article.asp?ID=1081.
KRIK arrangerar påskeleir på Strandafjellet.

torsdag, mars 8

KRIK- Samling i Hareidhallen 10.mars

Laurdag 10.mars brakar det laust med ein ny KRIK-samling i Hareidhallen!!!

Kl. 16.30-18.00

Vi skal halde på med dansk kanonball og fotball.

Ta med deg ein ven og kom:)


Turen til Strandafjellet!

16 KRIK'arar reiste til Strandafjellet forrige helg for å stå på ski, snøfjøl og rett og slett ha det utruleg artig:)
Vi budde på Vestborg privatskule, der vi også hadde tilgang til gymsal som blei flittig nytta:)



Både laurdag og søndag hadde vi ypperleg føre i skibakken, og det såg ut til at alle storkoste seg i bakken, både nybyrjarar og dei litt meir erfarne:)

Kveldane nytta vi til leikar, hall-aktivitetar og anna moro!
Dessverre fekk turen ein litt trasig slutt i og med at Mario blei skada, men vi håper han er raskt på beina igjen:)


Takk for ein super tur, gler meg allereie til neste år!! :)