lørdag, desember 15

Siste krik-samling før jul 16.desember:)

Sidan vi hadde turneringa sist helg mot Ulsteinvik, så tek vi ikkje noko juleavsluttning, men ei vanleg samling denne søndagen:) Veit at mange skal synge med tensing i kyrkja, men vi prøver med KRIK likevel:) Dokke som er med i tensing, kan gjerne kome opp i hallen når dokke er ferdige å synge:)
Aktivitetar blir frisbee og landhockey + nokre leikar, om eg kjem på noko bra;) Idear blir tatt imot med stor takknemlegheit=)
Til alle vi ikkje ser på KRIK på søndag, så må dokke ha ei kjempe god jul:) Så snakkast vi igjen på nyåret!




onsdag, desember 5

KRIK Hareid og KRIK Ulsteinvik


Søndag 9.desember har vi invitert KRIK Ulsteinvik til å vere med på ei lita turnering, lysmesse og deretter ei sosial samling på bedhuset:)
Alle møter klokka 17.00 i Hareidhallen. Vi held på med ulike leikar og har turnering i fotball, volleyball og landhockey;) Laga deler vi inn på samlinga. Vi avsluttar i hallen ca 18.30. Deretter blir det moglegheit for å bruke garderobene og dusje før vi går saman ned i kyrkja og er med på lysmessa.

Hugs å ta med klesskift/handkle osv.

Etter lysmessa samlast vi i peisestova på bedhuset, der vi har ei sosial samling med leikar/underhaldning/spel og mat. Held på til ca klokka 21.00-22.00=)

Velkomen! :) Dette trur vi blir utruleg artig!!!!