onsdag, mars 26

KRIK Søndag 30.mars

Takk for sist! Skihelga i Sykkylven/Stranda var kjempe arti:)

No er det klart for KRIK igjen etter påskeferien. Vi har samling i hallen førstkomande søndag kl 17.00-19.00.
Aktivitetar blir landhockey og basketball:)

Vel møt til både gamle og nye medlemmar!

tirsdag, mars 11

Skihelg 7.-9.mars












Tilsaman var vi 44 ungdommar og tre vaksen-leiarar frå Hareid og Ulstein som reiste inn til Sykkylven fredagskvelden. Vi budde på Brunstad ungdomssenter. Det vart ganske einstemt at vi skulle fare til Strandafjellet i staden for Fjellsetra, så både laurdagen og søndagen blei tilbringt der:) På kveldane blei det tid for spel, leikar, sveler, kakao og hyggeleg prat. Håper alle hadde ei kjekke helg!










Tusen takk for turen! God påskeferie!!

NB! Det blir ikkje KRIK i påska. Første samling etter ferien blir søndag 30.april

torsdag, mars 6

Klart for tur:)

Jess! Då var transporten i boks. Vi reiser innover med to minibussar og tre personbilar+ hengar. I alt er vi 46 påmeldte, so dette blir ei kjekke helg der vi får sjans til å bli kjent med mange på andre sida av Eidet:)

OPPMØTE: Vi skal ta 18.30 ferja. Møt opp seinast 18.15 på Hareid ferjekai!

Hugs:
- 200 kr for opphaldet(+ 100 kr ekstra for dei som ikkje har betalt kontigent)
- pengar til heiskort
-brødmat og pålegg
- soveposen
- varme klede
- ski/brett

Anna aktuelt:
- fotokamera
- kjekke spel
- sitteunderlag
- termos

Gled dykk!! :) Det gjer i allefall eg;)