søndag, februar 18

Tur til Strandafjellet 2.-4. mars!

2.-4. mars reiser Krik Hareid til Strandafjellet for å stå på ski/snowboard og ha det utruleg kjekt ilag:)

Her kjem litt info som kan vere greitt å få med seg:
  • Avreise: Fredagskveld frå Hareid ferjekai (vi stiller med privatbilar)

  • Overnatting: Vestborg privatskule.
  • Pris: 300-400 kr(reise, mat, opphald og ovenatting). Heiskort kjem i tillegg.
    2-dagarskort
    Under 15 år: 310 kr
    F.o.m 15 år: 450 kr

Tips til UVS-elevar: I skuledagboka vår er eit rabattkort som gjeld for Strandafjellet.
Det er også muligheit for å leige ski/snowboard dersom du ikkje har eige utstyr.

Laurdag og søndag kjem vi til å vere i bakken på dagtid. Om kveldane kosar vi oss på skulen i lag og har ei samling med andakt, og ellers anna leik og moro. Ta gjerne med brettspel, kortstokk etc:)

Heimreise blir etter vi har vore i trekket og rydda på skulen sundag.

Dette blir ein knalltur, som du ikkje må gå glipp av!:)
Påmelding: Ta kontakt med nokon i styret eller ta kontakt med Mario Liavåg (tlf: 99 36 29 28)

NB! NB! Det blir ikkje samling fyrstkomande laurdag 24.februar p.g.a vinterferie. Ha ein god ferie alle saman, så snakkast vi på Strandafjellet om ikkje så lenge;)

Ingen kommentarer: