torsdag, februar 15

Velkomen til KRIK Hareid si bloggside :)

Heisann, du - ja, akkurat du! :)

Vi (styret) vil ynskje deg velkomen til KRIK Hareid si bloggside - den fyrste i historia (som eg veit om). Vi er spente på kva dette vil ha å seie for lokallaget vårt!
Litt info om oss:
KRIK Hareid blei mest truleg starta opp i 1999, og har sidan då hatt samlingar i Hareidhallen tre-fem gongar i månaden med leik, andakt og spel (fotball, basketball, landhockey, frisbee, rugby, kanonball, turn, volleyball etc.). Dette er oppskrifta også i år... - kvifor endre på noko som fungerar? :) Når det er finevêr er det sjølvsagt moglegheit for å ha ei lokallagssamling ute!

Ellers arrangerar vi avslutningsturar, skitur til Strandafjellet, og liknande - forøvrig veldig populære turar(!). Det er også planar om fleire spanande utflukter og sosiale opplegg utover våren, så berre fylg med!




For å få til alt dette sit det eit styre bak lokallaget, og det nåverande styret består av følgjande personar:
Mario Liavåg (leiar), Ragnhild Husøy (nestleiar), Bjørn Sverre Hjelle Juliussen (kasserar), Helga Nødland Gjerde (sekretær), Bendik Elvanes (tursjef) og Hege Jørandli Flakk (redaktør). Dette er ein fantastisk gjeng som ivrar etter å ha det moro saman med akkurat deg!

Vi ynskjer å sette fokus på Jesus Kristus, og ha det moro saman med Han og kvarandre!



Du som går på ungdomsskule eller vidaregåande skule er hjarteleg velkomen til å bli med! Fylg med på denne sida, så vil du få informasjon om når ting skjer - slik at det berre er å droppe inn. Vi sjåast! :)

2 kommentarer:

Anonym sa...

Då er det skrive eit nytt kapittel i historia til KRIK Hareid. Dette vert spanande! Vi får satse på ei morosam og oppdatert nettside :)

Mvh Økonomisjef

Mario sa...

Faktisk eit nytt kapittel! Kva tykkjer de andre om at KRIK Hareid har fått seg ei nettside?