onsdag, februar 28

Pakkeliste og siste info om Strandafjellturen:)

Gladnyheit: Turen blei mykje billegare enn forventa!



Reise:
- Oppmøte Hareid ferjekai kl 17.40 fredag 2.mars
- Heime på Hareid sundag kl 18.30 (kan muligens bli endringar i dette..)

Hugs å ha med:
- 200 kr (reise, middag, opphald). Lever dette til Bjørn Sverre på ferjekaia.
- 240 kr (heiskort) + keycard (dersom du ikkje har dette får du kjøpt/leigd det i skitrekket)
- Bibel
- Laken (til madrass)
- Sovepose og eventuellt pute
- Handkle og klesskifte
- Skiklede og skiutstyr (til snøfjøl MÅ du ha LANG fangreim - dette får du kjøpt dersom du ikkje har)
- Brødmat, så mykje som du trur du et i løpet av helga( 4 brødmåltid + 2 lunsjpauser). Er du usikker, ta med 1 brød!
- Pålegg

P.S: Vi kjem til å samle inn brød og pålegg når vi kjem fram. Dvs at det du tek med blir fellesmat:)

Ta også gjerne med:
- Gymklede dersom de vil halde på med aktivitetar i hallen:)
- Famile-, kortspel, yatzy eller liknande.
- Kamera (dersom du har).
- Termos til kakao/ te etc...

- Godt humør tar du så klart også med:)

Opplegg:
- Laurdag og sundag i skitrekket frå 10-16
- Kveldane: Andakt/bibel, sosialt, bli kjent, diverse leikar:)
NB! Krik betalar for reisa til KRIK-medlemmar. Alle andre må betale reisa sjølv, eller ta kontakt med Bjørn Sverre (99230536) for å bli medlem.

Ser fram til ein knakandes kjekk tur!!!

3 kommentarer:

Mario sa...

Nice! Og dersom du framleis vil melde deg på er det berre å ta kontakt på 99362928 (Mario) :)

kristoffer sa...

det va litt domt att vi ikkje skulle bo på hevsdalsheimen :(

Mario sa...

Ja, d kan du godt sei. Vi va dessverre litt seint ute me bestilling. Dessuten va vi ute etter billigast mogleg tur. 200 kr for opphald, reise og mat hadde vi aldri fått til på Hevsdalsheimen! Trur d blir en kanontur uansett :)