fredag, november 2

Frisbee og Basketball:)

Ny Krik-samling på søndag 4.november kl 17.00-19.00.

Det blir leikar, frisbee og basketball. Kom gjerne med forslag til leikar! :)



Korleis er interessen for å fare ut i klatrehallen i Vik? :) Post gjerne eit innlegg her på bloggen om du har forslag til kva vi kan gjere på Krik framover:)



Elles så bør dokke sjekke ut desse linkane:



Explore er ein vinterleir i Lillehammer 28.desember til 1.januar regi av KRIK for dei frå 15 år og oppover. Der kan ein velje mellom 24 aktivitetar, alt i frå curling, basketball, slalom til swing. Masse utrulig bra underhaldning, flott nyttårsfeiring og ein god sjans til å bli kjent med masse nye folk:) Det blir fellesbuss frå Ålesund. Snakk med meg om dokke er interessert:)

Les meir: http://www.krik.no/asp/article.asp?ID=923


Impuls er ein konferanse/festival med fellessamlingar, valgfrie seminar og aktivitetar. Skal arrangerast i Stavanger, Oslo, Trondheim og Kristiansand.

Les meir: http://www.impulsweb.no/Event.aspx?id=8



Mvh Hege

Ingen kommentarer: